Så lenge som kravet og debatten om ny Strynefjellsveg har pågått, var det ikkje meir enn rimeleg at lekkasjen frå Støre-regjeringa tidlegare denne veka resulterte i bløtkake, sprudledropar og hornmusikk. Og mest av alt, - jublande forkjemparar for ny veg mellom aust og vest.

Jamvel om starten på vegbygginga ligg fleire år fram i tid, var det mildt sagt hyggeleg å få konstatert at det er vilje til å realisere prosjektet.

12 års ventetid

Ingen veit når spaden blir sett i arbeid, heller ikkje når første dynamitten blir fyrt av. Men den lekkasjen som vart lufta i Stryn, gir i det minst lovnad om at der finst vilje til å løfte den viktige vegstrekninga opp eit vesentleg hakk.

Ny Strynefjellsveg får etter alt å døme ein plass i Nasjonal Transportplan, i beste fall i første delen av det trauste dokumentet, men truleg først i perioden som har sluttstrek i 2036.

Fylket sitt ansvar

For indre Sunnmøre, og aller mest Geiranger, betyr dette at turistbygda også får knytt sin arm til nye Strynefjellsvegen. Å få realisert dette ynsket, er meir opp til fylkeskommunen i Møre og Romsdal, enn til regjeringa, same kven som på den tid sit i styringsstolen. Strekninga, frå eit kryss inne i fjellet, til den kjem ut i dagen på Opslendskedalen i Geiranger, vil få status som fylkesveg.

Såleis er det fylkespolitikarane som får det avgjerande ordet. Men at denne vegarmen må løysast saman med bygginga av sjølve hovudvegen, må naturleg nok vere sjølvsagt. Her må ein setje si lit til personane som får sete i fylkestinget, men også til kommunepoltikarane i Stranda, å bruke vilje og styrke til å halde prosjektet varmt.

Tverrpolitisk press

Mange har jobba, og mange gjer det framleis, for denne hovudtrafikkåra. Ikkje minst har aktiviteten vore synleg den siste tida, med tverrpolitiske og tverrfaglege delegasjonar og einskildbesøk til maktpersonar i sentrale posisjonar. Dei fortener honnør for innsatsen.

Sjølv opplevde eg alvoret i kravet om heilårsveg for Geiranger aust om fjella, då feiringa av 100-året for den eldste Strynefjellsvegen stod på programmet i sommar. Etter lunsjen på Grotli samla gjestane seg nokre hundre meter inne på vegen mot Geirangerfjellet. Her var det ikkje gamlevegen over Strynefjellet som stod i fokus. Tvert om var det eit unisont krav frå talarane i friluft om at Geiranger må få den trygge vegutløysinga den viktige turistbygda har venta på i altfor mange år.

Optimisme

Det er ikkje meir enn rimeleg at utsiktene for nyevegen mellom Stryn og Grotli, det meste av han bygd i tunnel, blir helsa med optimistisk glede.

Det som derimot ikkje vart sagt noko om no, men som det har vore snakka om ofte og høgt gjennom fleire tiår, er tilførselsvegen i Hornindal. Det skal bli interessant å fylgje utviklinga i den saka også.

Her, som for vegen austfrå til Geiranger, ligg ansvaret hos fylkestinget i Møre og Romsdal.