Historia om 200 millionar skikroner

Stranda kommune har sidan våren 2009 satsa i underkant av 200 millionar kroner på skianlegget på Strandafjellet. Dette er historia om utbygginga av to skiheisar og to paviljongar.
Fra papir

Linnea Dale og Donkeyboy fylte Hevsdalen med "Ambitions" ein kald 19. desember i 2009. Rundt tusen personar var samla for å oppleve opninga av paviljongen og den nye stolheisen på Fursetsida. Det var ganske nøyaktig eit halvt år etter at Høgre og Framstegspartiet hadde kalla inn til pressekonferanse for å fortelje at dei no ville investere 55 millionar kroner på fjellet. Venstre var ikkje informert, men "lukka det eine auget", og stilte seg bak Frp og Høgre.

25- 35 millionar

Vesle julaftan dette året seier dåverande ordførar og styreleiar i Strandafjellet KF, Frank Sve, i eit intervju med Sunnmøringen at han trur det vil koste mellom 25 og 35 millionar kroner å byggje stolheis og paviljong også på Roalden - "som er kremsida av Hevsdalen", men at det er uaktuelt å gjennomføre satsinga på Roalden i like stort tempo som ein har sett på Fursetsida.

Vi skal vere sikker på at vi ikkje brekk ryggen økonomisk. No får vi hauste erfaring frå denne vinteren, samstundes med at vi går gjennom detaljane og startar ei prosjektering. Så får vi gå ut med ein anbodskonkurranse mot slutten av neste år eller tidleg 2011.

Tre månader seinare er det derimot "full gass på Roalden", når styret i Strandafjellet KF ønskjer å ha stolheis og paviljong klar til vintersesongen 2010-2011. Denne gong er det Høgre som hevdar dei ikkje er informert om planane, medan dåverande varaordførar Karl André Birkhol (V) seier han no har "begge augo opne". Rådmann Ann Kristin Langeland reagerte på at rådmannen ikkje var informert om planane og at dette blei drøfta av styret. Ho varsla difor at ho ville bruke veto på styrevedtaket, og ønskja ein "time out".

24. mars vedtek kommunestyret å opne for ei ny investering på 45 millionar kroner for å byggje stolheis og paviljong på Roalden. 12. februar 2011 er det opning av det nye anlegget på Roaldsida.

Høgre og Frp var samde

Den politikaren som går mot dette bør finne seg ein annan kommune, meinte Stian Græsdal våren 2009.

På det tidspunktet var han styreleiar i Strandafjellet skisenter AS, eit selskap som i realiteten var teknisk konkurs. Løysinga var ei revitalisering av skisenteret på Strandafjellet, og styret i Strandafjellet AS bad difor kommunen garantere for eit investeringslån på 55 millionar kroner. Pengane skulle brukast på stolheis på Fursetsida av Hevsdalen, saman med ein paviljong på toppen. Skisenteret skulle også byggje planfri overgang ved riksvegen, samt nytt barne- og familieområde og ruste opp anlegget med lys- og snøanlegg.

Dåverande ordførar Frank Sve (Frp) inviterte til pressekonferanse 14. mai 2009, og kunne fortelje at Frp og Høgre allereie hadde sikra politisk fleirtal for ein slik kommunal garanti. Dåverande varaordførar Karl André Birkhol (V) sa til Sunnmøringen at han ikkje var informert om dette. Det var heller ikkje opposisjonen, som i formannskapet måndagen etter reagerte på at dei først fekk vite om planane gjennom media. Jan Ove Tryggestad (Sp) og Svein Lunde (KrF) røysta mot lånegarantien, og meinte styret i skisenteret burde kvalitetssikre prosjektet gjennom ein forretningsplan og godkjenning av ei generalforsamling. Lunde viste til at erfaringar frå slike prosjekt viser at behovet for kapital aukar raskt, og var sikker på at rekninga til slutt ville bli opp mot 65 til 70 millionar kroner.

Desse tala er henta inn frå erfaring og tilbod som er henta inn. Bankgarantien er endeleg, meir får dei ikkje, svarte Frank Sve.

Stansa lånegarantien

Varaordførar Karl André Birkhol ønskte å skryte av planane til skisenteret, og meinte kommunen måtte løfte senteret opp på eit anna nivå enn det var på det tidspunktet.

Difor knip eg att det eine auget, og blir med på å støtte desse planane.

Fylkesmannen valde derimot å ha augo opne, og sat i juni foten ned for lånegarantien kommunen ville gje skisenteret. Årsaka var at kommunen ikkje kan stille med lånegaranti til eit selskap som er i konkurranse, men Fylkesmannen meinte også det var grunn til å stille spørsmål om dette var ei økonomisk forsvarleg satsing for kommunen.

Fylkesmannen får meine det han vil, så får vi gjere våre vurderingar. Eg har stor tru på at økonomien til skisenteret bere seg, sa varaordførar Karl André Birkhol.

Då hadde ordførar Frank Sve lansert tanken om eit kommunalt føretak, som kunne gjennomføre dei investeringane som var skissert.

På dette tidspunktet var det Kjell Berge som var konstituert rådmann, medan sakshandsamar var plansjef Steinar Belsby. Dei meinte det ville vere uhørt om kommunen på dette tidspunktet ikkje tok over aksjane i skisenteret, og såg berre positive sider ved å gjere det om til eit kommunalt føretak. Det var to grunner til dette. For det første viste rådmannen til at skisenteret, som på dette tidspunktet var eigd av Stranda kommune, Møre og Romsdal fylke, Stranda Idrottslag og Sparebanken Møre, var teknisk konkurs. Selskapet hadde ved årsskiftet ein negativ eigenkapital på 1,3 millionar kroner, og Stranda kommune hadde garantert for 6,7 millionar kroner i lån i selskapet. Det var pengar kommunen ikkje ønskte å tape. I tillegg meinte Belsby at eit kommunalt føretak ville få langt betre rentenivå enn det aksjeselskapet ville få.

Det ville vere uhørt å seie nei til ein så stor rentedifferanse som går i det kommunale føretaket sin fordel.

Opprettar kommunalt føretak

Opposisjonen bad igjen om tid til å gjennomføre ein forretningsplan som kunne vise til lønnsemd i investering og drift av det nye føretaket, utan å få med seg fleirtalet med Frp, Høgre og Venstre.

Stranda kommune hadde sidan 2004 vore "herre i eige hus", etter at kommunen kom seg ut av den økonomiske svartelista Robek. Politikarane stod difor fritt til å gjere eigne økonomiske prioriteringar, som å opprette eit kommunalt føretak. I løpet av hausten blei Strandafjellet KF oppretta, med Frank Sve som styreleiar og Steinar Belsby som dagleg leiar. Ved nyttår tok Toril Callsen over den rolla, etter først å ha blitt tilsett i føretaket som utviklingsmedarbeidar.

Ved utgangen av året hadde lånegjelda til føretaket auka til 69,4 millionar kroner. I desember 2010 svarte Toril Callsen på spørsmål om alkoholkjøp i regi av føretaket, og Sunnmøringen spurte om ho forsvarte at kommunale pengar og tilskot blei brukt til dette, når føretaket stod i fare for å gå i minus.

Det er ikkje innbyggjarane sine pengar, men pengar vi (Strandafjellet KF, red. anm.) har lånt, svarte Callsen.

Millionunderskot

2010 var første året Strandafjellet gjekk i minus, og leverte eit negativt resultat på 2,4 millionar kroner. Den rekninga blei sendt over til det ordinære driftsbudsjettet til Stranda kommune, som også hadde meirforbruk i drifta. Stranda kommune var dermed i full fart på veg tilbake på svartelista Robek. Ved utgangen av 2010 var gjelda til det kommunale føretaket auka til 130,4 millionar kroner.

Årsaka var at fleirtalet i kommunestyret i mars valde å starte utbygging av stolheis og paviljong også på Roalden. Dagleg leiar i føretaket Toril Callsen står som sakshandsamar til prosjektet, og meinte føretaket med desse investeringane ville ha ei samla lånegjeld på 107 millionar kroner ved utgangen av året.

Det er ein betydeleg sum, men etter dagens drift og prognosar i dei vidare åra skal vi klare å dekke inn det som skal til.

SJÅ DEN ANDRE ARTIKKELEN HER

I økonomiplanen ho presenterte for kommunestyret var netto driftsutgifter i 2012 vurdert til 7,8 millionar kroner. Realiteten for føretaket i år, er at driftsutgiftene vil vere i underkant av 15 millionar kroner. I tillegg slit det kommunale føretaket med å få inn leigeinntekter av driftsselskapet Strandafjellet skisenter AS.

Rekneskapsrapporten til Strandafjellet AS viste at selskapet no har ein negativ eigenkapital på 2,9 millionar kroner, og hadde i 2011 eit underskot på nesten fem millionar kroner. Styret i skisenteret sa i sommar at grunnlaget for vidare drift i selskapet var avhengig av at Strandafjellet KF gav dei fritak for å betale leige ut året.

Stranda kommune risikerer dermed å få ei rekning på opp mot femten millionar kroner frå det kommunale føretaket neste år. Så langt er det kommunale føretaket ansvarleg for rundt 24 millionar kroner av det akkumulerte underskotet til kommunen.

Investorar

Dette var tal Frank Sve ikkje såg for seg våren 2010, då han i kommunestyret snakka varmt om vidare satsing på Strandafjellet. Han viste til den fantastiske starten skisenteret hadde fått etter opninga av stolheisen på Fursetsida tre månader tidlegare. Han viste til at fleire investorar no stod klare til å gå inn i Strandafjellet, med både servicebygg og caravancampingplass i området. Sve frykta at desse investorane ville forsvinne om kommunen ikkje gjennomførte investeringa på Roalden raskt. Han meinte det farlegaste kommunen kunne gjere, var å følgje innstillinga frå rådmannen om å gjennomføre ei analyse av den totale lånegjelda til kommunen sett opp mot ny investering på Strandafjellet.

Investorar som ønskjer å bli med vidare i utviklinga kan kome til å trekkje seg. Har ein råd til å seie nei til millionar av kroner frå næringslivet? spurte Sve.

Rådmann Ann Kristin Langeland tok ordet i kommunestyret og ville vite om politikarane framleis hadde tillit til rådmannen. Ho viste til at Sve meinte rådmannen feilinformerte og hadde "skivebom" i si vurdering av lånegjelda til kommunen og trusselen denne hadde på tenestenivået til kommunen. Sjølv om Frank Sve og rådmannen ikkje var samde i denne trusselen, presiserte Sve at rådmannen framleis hadde tillit frå politikarane.

Blodraude tal

Ein samla opposisjon stilte seg bak kravet frå rådmannen om å gjennomføre ei konsekvensanalyse av prosjektet. Arild Ringdal karakteriserte saksutgreiinga frå føretaket som "pinleg dårleg". Saman med Stein Øivind Magnell (SV) fremja Ringdal forslag om å stanse prosjektet sidan "saksutgreiinga til Strandafjellet KF ikkje stettar saksutgreiing etter kommunelova, fordi ho manglar eit førebels rekneskap, marknadsanalysar, økonomiske analysar og vurdering av risiko. Vidare er ikkje det nødvendige planverket på plass, avtalar med grunneigarane er ikkje gjort greie for ...". Forslaget fekk tre røyster i kommunestyret, det gjorde at Arild Ringdal, Stein Øivind Magnell og Petter Hjørungdal (Sp) klaga vedtaket inn for Fylkesmannen, og bad om ein lovlegkontroll. Ordførar Frank Sve likte dette dårleg, og kalla klagarane for "Strandas dyraste menn".

Fylkesmannen avviste klagen seinare den sommaren, og investeringane på fjellet gjekk vidare for fullt, og gjorde at gruppa "Stage Dolls" kunne spele til opninga på Roaldsida 12. februar 2011.

Kommunen har i etterkant av dette blitt tvungen til å godta krav frå det kommunale føretaket om å stille med likviditetslån for å sikre at føretaket klarer å betale rekningane sine. I desember vart også gondolar kjøpt inn til anlegget. Det gir ein samla satsing på fjellet til i underkant av 200 millionar kroner.

Samstundes med opninga av Roalden kom dei kommunale rekneskapstala, det var blodraude tal. Dagen før Sunnmøringen presenterte tala, og viste til at kommunen no stod i fare for å bli Robek-kommune til hausten, overraska Frank Sve med å stille til intervju med NRK Møre og Romsdal. Der sa han at kommunen no ville starte ein salsprosess av skisenteret, og at Sve forventa at den ville vere ferdig i løpet av året.

Halvanna år seinare er Stranda kommune på oppløpssida i ein salsprosess, som kan føre til at kommunen sit at med ei lånegjeld på over 100 millionar kroner etter skisentereventyret. Sunnmøringen kjem snart tilbake med den historia.

Nyss ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir