123 personar har så langt testa negativt

Rådmann Åse Elin Hole seier at alle prøvesvara dei har fått tilbake så langt, har vore negative.

TA VARE PÅ KVARANDRE: Rådmann Åse Elin Hole seier at det er viktig at folk er gode med kvarandre, og ikkje heng kvarandre ut. ARKIVFOTO  Foto: Bjørn Arild Hatlem

New Articles

Onsdag og torsdag vart 150 personar sett i karantene i Stranda kommune, etter at ein person testa positivt for covid-19 onsdag.

– Kommunen har jobba med å spore smitte i forbindelse med bevegelsane til den smitta. Dei fleste som er i karantene var på Ocean restaurant & bar laurdag kveld, eller er nærkontakt av desse. Det er også fleire som sjølv har valt å gå i karantene og teste seg av ulike grunnar, seier ho.