Svein Lunde frå Stranda

Har pendla 15.000 gongar over fjellet

Få kjenner bygdene og kommunane Sykkylven og Stranda betre enn Svein Lunde. Sidan 1980 har han pendla over fjellet til arbeidet på det som var Hjellegjerde, no Sykkylven Næringsfabrikk A/S.

– Liten skilnad: Svein Lunde meiner det er liten skilnad på folket i Stranda og Sykkylven, som båe er prega av stor arbeidsinnvandring.  Foto: Arild Ringdal

New Articles

Truleg har han passert Fjellseterskiftet meir enn 15.000 gongar desse åra på veg til og frå jobb. I yrkessamanheng har han vore med på ei lang reise med oppbygging, etablering og flytting. Lunde vart tilsett som driftsingeniør i 1980, var ei tid og personalsjef, seinare vart han teknisk sjef. Etter at Hjellegjerde vart seld i 2012, har Lunde hatt ansvaret for fabrikkeigedomen i Sykkylven.