Starta eige selskap i heimbygda

Fjord Nature skal bli best på naturopplevingar

– Vi skal gi kunden ei naturoppleving dei seint vil gløyme, seier Helge Kvam Karbø, dagleg leiar i Fjord Nature.

Dagleg leiar: Helge Kvam Karbø (25) starta Fjord Nature i 2019  Foto: Randi Ansok

New Articles

Helge Kvam Karbø (26) er ikkje redd for å tenke stort sjølv om han kjem frå ei lita bygd. Han har sett seg føre å bygge opp eit guidefirma som skal bli best på guida naturopplevinga. Verken meir eller mindre. I dei små, men koselege lokala til Fjord Nature på Hellesylt held han kontakten med kundar og leiger ut sportsutstyr til naturaktivitetar.