Presenterte foreløpige tal til Stranda kommunestyret

– Må halde oss på dette nivået eller betre

Økonomisjef i Stranda kommune, Andrea Fivelstad, orienterte kommunestyret om status for rekneskapen under møtet tidlegare denne veka. Foreløpig ligg det an til eit underskot på i underkant av 5,5 millionar kroner.

Tal: Politikarane fekk sjå tal frå den ureviderte rekneskapen.  Foto: Illustrasjon

New Articles

– Eg har ikkje endelege tal, men kan vise litt kva som vert jobba med, sa økonomisjef Andrea Fivelstad til kommunestyret, då ho orienterte om rekneskapen. Fivelstad tok ved årsskiftet over som økonomisjef etter Ståle Anker Ljøen, som slutta i jobben i fjor vår.

Foreløpige tal: Økonomisjef Andrea Fivelstad orienterte om rekneskapen.  Foto: Arkiv

Urevidert

Fivelstad viste først fram eit skjema til representantane, der det kom fram at Stranda kommune tok imot 6 030 000 kroner i koronamidlar.

– Samtidig har vi hatt 750 000 kroner i ekstra utgifter, utover tilskotet vi har mottatt, sa Fivelstad. Ho viste vidare fram eit skjema med rekneskapen.

– Det er ikkje ferdig revidert, det skal sendast over til revisor måndag, forklarte Fivelstad.


Underskot

Brutto driftsresultat viser minus 5 463 301 kroner i det foreløpige rekneskapen, og under posten sum driftsutgifter kunne ein sjå ein at det har vore ein betydeleg auke. Etter at Fivelstad hadde gått gjennom tala, opna ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) for korte spørsmål frå politikarane.

Frank Sve (FrP) lurte på om dei presenterte tala betyr dette at Stranda kommune går med i overkant av fem millionar kroner i underskot i 2020.

– Det vil eg ikkje kommentere på noverande tidspunkt. Kva de vil oppfatte som endeleg årsresultat kjem an på korleis bruk av fond vert ført, svarte Fivelstad. Sve påpeika at tala likevel viser ein mismatch mellom utgifter og inntekter, og at det ikkje er bra.

–Ein må vere obs på det, så det ikkje dreg seg skeivt, meir enn det allereie er. Det er eit signal om at ein må halde seg på dette nivået eller betre, sa Fivelstad. Ordføraren sa avslutningsvis at administrasjonen skal gjere siste justeringane, og at resultatet truleg vert omtrent som antyda før jul.

– Dette kjem vi tilbake til neste veke. Då vert det sendt ut og lagt ut på postlista til kommunen, orienterte Tryggstad. Kommunestyret tok saka til vitande.