Kyrkjene i Stranda og Sykkylven har digitale sendingar i påska.
Feire saman
– Vi planlegg å strøyme gudstenester på nettsida og via Facebook palmesøndag og 1. påskedag. På grunn av midlar vi har fått frå Rotary, eit tilskot frå staten og ein stor innsats frå Tor Severin Erstad så har vi utstyret klart til å sende via nett, fortel sokneprest Simen Myklebust i Sykkylven. Han legg til at gravferder no ikkje kan ha fleire enn 50 deltakarar, og det vert gjort eigne avtalar med dei som har planlagt dåp. – Påska er svært sentral i den kristne trua, så vi skulle gjerne feira saman. Likevel så blir det kjekt med nettgudstenester, avsluttar han.
Streaming
Sokneprest i Stranda, Jakob Højlund, fortel også at det vert ei digital linje.
– Vi held på med planen for heile påska i kyrkjene i Storfjorden, og alt er ikkje heilt på plass endå. Men så langt er det fastsette at det
Strøyma gudsteneste frå Sunnylven kyrkje palmesøndag Norddal kyrkje skjærtorsdag, Geiranger kyrkje og Stranda kyrkje langfredag, Sylte kyrkje og Liabygda kyrkje påskedag. Truleg vert det også streama gudsteneste frå Stranda kyrkje påskedag eller 2. påskedag, seier Højlund, og legg til at sokneprestane Jan Løkkeborg og Øystein Braaten lagar samtalevideoar som gudstenester for Stordal kyrkje skjærtorsdag og påskedag.