Færre arbeidsledige:

– Ledigheitstala går rette vegen

– Ledigheitstala både for Sykkylven og Stranda går rette vegen, til trass for alle tiltaka knytt til korona, seier NAV leiar Sykkylven og Stranda, Karoline Lied.

Rett veg: NAV-leiar i Sykkylven og Stranda, Karoline Lied, synest det er positivt å sjå at ledigheitstala for både Sykkylven og Stranda går rette vegen, trass i strenge tiltak knytt til korona  Foto: Monica Aure Fallingen

New Articles

NAV presenterte nyleg den månadlege ledigheitsstatistikken. Den viser at det er få arbeidsledige i Sykkylven og Stranda. Tal frå NAV for mars viser at arbeidsløysa i Sykkylven var på 1,5 prosent, medan talet for Stranda var på 2,5 prosent.


Då koronapandemien slo inn i Noreg i mars 2020, var det mange som vart mista jobben. Dette galdt både i Sykkylven og Stranda og i landet generelt. Talet på arbeidsledige i Sykkylven skaut den månaden i vêret, til 914. I Stranda var talet på arbeidsledige på 237 i mars 2020. Etter kvart snudde pila. I februar 2020 hadde Stranda 42 arbeidsledige og Sykkylven 60, medan det same månad i 2021 var 75 ledige i Stranda og 58 i Sykkylven. Dei ferske tala frå mars viser at det var 61 ledige i Stranda og 60 i Sykkkylven. Arbeidsløysetala i fylket går også rette vegen.

– Det har vore ei krevjande tid med mykje usikkerheit, og framleis har vi betydeleg høgare ledighet enn før pandemien. Likevel ser vi lyspunkt i marknaden. De siste tre månadene har vi hatt ein tilgang på nesten sju tusen stillingar. Det er flest stillingar innan helse, pleie og omsorg, men den siste månaden har det blitt fleire stillingar innan blant anna innan industri, bygg og anlegg. Vi har tett kontakt med næringslivet og vi ser at det er stort behov for arbeidskraft innan mange yrkesfag, seier NAV-direktør Stein Veland. Ein situasjon med uro for høg arbeidsløyse er snudd til at mangel på arbeidskraft kan bli ei utfordring, og NAV-leiar i Sykkylven og Stranda, Karoline Lied, synest det er positivt å sjå at ledigheitstala for både Sykkylven og Stranda går rette vegen, trass i strenge tiltak knytt til korona.