Presenterte sentrumsskuleprosjektet:

– Ein må byggje ein skule for framtida

Forprosjektet for den nye sentrumsskulen som er planlagt i Sykkylven vart godkjent av formannskapet denne veka og skal vidare handsamast av kommunestyret. – Det er viktig at ein no bygg stort nok og ikkje seinare må bruke brakker for å utvide, sa Hans Petter Sørensen (Ap).

Aust: Ein del av området ute.  Foto: Illustrasjon

New Articles

Barneskulane Aure, Ullavik og Vik skal skiftast ut med ein ny sentrumsskule i Bakkeøyane Det er lagt opp til byggestart komande haust, om alt går etter planen, og at den nye skulen skal stå klar til bruk hausten 2023. Måndag presenterte kommunalsjef for skule og oppvekst, Bjørnar Midtbust, planane for formannskapet.