To nye smittetilfelle

Det er no seks tilfelle av korona i Stranda kommune.
New Articles

To nye personar testa positivt for covid-19 torsdag kveld i Stranda. Måndag testa fire andre personar positivt i kommunen.


Fire nye smittetilfelle i Stranda:

– Vi er førebudde på at det kan komme meir smitte

Måndag meldte Stranda kommune på sine heimesider at fire personar har testa positivt for covid-19. Dei smitta er i same husstand.


Grunna ny påvist smitte påvist tysdag kveld, skal alle nærkontaktar og husstandsmedlemmar sitte i karantene/ventekarantene til dei får beskjed frå smittesporingsgruppa, skriv Stranda kommune på sine heimesider.

Tiltak som er sett i verk:

  • Sunnylven barnehage er stengt frå tysdag 27.04.21 til og med fredag 30.04.21.
  • Sunnylven omsorgssenter er stengt inntil smittesituasjonen er avklart
  • Som eit føre var prinsipp, er elevar og tilsette på mellomtrinnet 5.–7. ved Sunnylven skule sett i ventekarantene til smittesituasjonen er avklart. Føresette skal ikkje i ventekarantene.
    Dersom barnet ditt får symptom ha lav terskel for å teste.

Alle nærkontaktar og husstandsmedlemmar skal sitte i karantene/ventekarantene til dei får beskjed frå smittesporingsgruppa.

Smittesporing og testing held på.