NM i Sjømat 2021

To NM-gull til Platina Seafood

Strandabedrifta Platina Seafood fekk fleire prisar for sine fiskeprodukt.

Råvarer frå Storfjorden Andrè Skarbø frå Platina Seafood viser stolt fram produkta dei vant prisar for under NM i sjømat  Foto: Platina Seafood

New Articles

Platina Seafood på Stranda henta heim to gull- og ein sølvmedalje under NM i Sjømat, som vart arrangert av Sjømatbedriftene i samarbeid med NTNU denne veka.

Dei to nyutvikla produkta Ørretburger urter & ost og grov Ørretpølse chili & cheddar tok gull i klassene osteburger og ferdigrett / ferdigprodukt. Den klassiske lakseburgaren til selskapet som seljast under merkevarnamnet EatSalmon, vant sølvmedalje for smaken chili & cheddar.