Ein ny smitta i Stranda - ingen smitta i Sykkylven

New Articles

Laurdag vart det registrert to nye smittetilfelle i Stranda. Det er no ti smitta i kommunen.

– Ein ny person har fått påvist covid-19 i Stranda. Vedkomande har vore i karantene og utløyser ingen nye nærkontaktar. Det er no ti smitta i kommunen. Vi ber alle om å ha få nærkontaktar og redusere aktiviteten. Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og ta ein test, skreiv Stranda kommune på sine heimesider laurdag.

Ingen i Sykkylven har endå testa positivt for korona.

– Alle prøvesvar av testar tatt i førre veke er negative. Resultat er veldig gledeleg, men også overraskande. Alle som er råka i Sykkylven er informert, skriv Sykkylven kommune på sine heimesider.