Gamle bilde

Før i tida

17. maitog i Bruasvingen 1945 Av Egil Brunstad har vi fått låne nokre gamle bilete frå 17. mai-feiringa på Stranda i 1945. Lars Langelo (Storstein) var sjølv med i Heimefronten, som hadde sin sjølvskrivne plass i toget. Far hans, Sivert Langelo, var sjef for Heimefront-styrkane under krigen. 17. mai-toget i 1945 gjekk gjennom det meste av bygda. Her er toget på veg opp Storgata mot Bruasvingen. Først etter flagget går soldatane som var med i krigen. Deretter kjem karane i Heimefronten med si fane. Lars Langelo held i snora på venstre side av denne fana. – Slik feiring som den første 17. mai etter krigen har det ikkje vore korkje før eller sidan, seier Lars Langelo. Kilde: Sunnmøringen 17. juni 1992  Foto: utlånt av Egil Brunstad

New Articles

Ein 17. mai vi aldri gløymer