Rådmann Åse Elin Hole om smitteutbrotet:

– Heldige som ikkje har hatt fleire smittetilfelle

– Smittesporingsgruppa har jobba ettermiddag og natt for å sikre kommunen på best mogleg vis. At vi berre har ti smitta på noverande tidspunkt, er på grunn av den innsatsen dei har lagt i arbeidet, seier rådmann Åse Elin Hole.

Håpar smittetala held seg låge: Åse Elin Hole seier at det kjem fleire prøvesvar utover veka. På noverande tidspunkt har Stranda kommune ti smitta. Arkivfoto.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

New Articles

Førre veke vart ti personar smitta av koronaviruset i Stranda kommune. Rådmann Åse Elin Hole seier at Stranda er heldige som ikkje har hatt fleire smittetilfelle på noverande tidspunkt.