Siste dag for førehandsrøysting

Skal du stemme før valdagen 13. september må du gjere det i dag.

Valdagen: Siste dag for førehandsrøysting er 10. september, sjølve valdagen er 13. september.  Foto: amanda røed stave

New Articles

Det har vore mogleg å førehandsrøyste i år frå 10. august, og siste dagen er i dag fredag 10. september.

Ønskjer du å avleggje stemma di i dag, kan du gjer det følgjande plassar:

I Sykkylven kan du no kun gjere dette i det tidlegare bankbygget i Aure sentrum fram til klokka 17.

På Stranda kan du gjere det på rådhuset fram til klokka 15, i biblioteket på Storfjord Kulturhus under opningstida, og Sparebanken Møre avd. Hellesylt fram til 15.