Slik blir nye Strandafjellet

Storsatsing på barn og unge før komande skisesong.

Skisse av Fursetsida: Slik vil det sjå ut med det nye Fursettrekket på plass. Legg merke til kor stort barneområdet på høgre side blir, og at trekket kan brukast av dei som køyrer park.  

New Articles

Etter to dårlege og snøfattige sesongar på Strandafjellet, blir det satsa for fullt for å sikre komande vinter.

Satsar millionar

Eigarane av Strandafjellet skisenter går inn med sju millionar kroner, finansiert av eigenkapital og lån.

 – Eg er glad eigarane satsar og gjer investeringar for å sikre drifta av skianlegget. Det gjer at vi kan gi kundane valutta for pengane gjennom å opne tidleg og halde bakkane lenger oppe enn før, seier dagleg leiar i Strandafjellet Skisenter AS, Stian Græsdal.

Nytt trekk og familieområde

Eit heilt nytt skitrekk og familieområde skal stå klart på Fursetsida til vintersesongen.

Det nye Fursettrekket vil ta deg frå 450 moh. til 750 moh., er 900 meter langt og har kapasitet på 500 personar i timen. Det er eit koppetrekk, som skal vere enda lettare for barn å bruke. Stolheisane står stille om det bles for mykje, mens det nye Fursettrekket skal kunne gå uansett vêr.
 – Vi justerer og bygger ut skianlegget, for å tilrettelegge for alle kundegrupper. Både familiar, dei som køyrer park og er på alpintrening. Arbeidet vi no legg ned vil gjere det lettare å bruke skia mellom alle dei fire heisane på Fursetsida, seier Græsdal.

Håpar å opne tidleg

I tillegg utvidar Stranda Skisenter snøproduksjonen, slik at skisesongen kan starte så tidleg som råd. Det skal på plass fleire snøkanonar for å klare å produsere meir snø per time. Å starte snøproduksjonen tidleg er viktig for å lage ein god snøsole gjennom vinteren.
 – Når kulda kjem, skal vi klare å opne det nedste delen av Fursettrekket etter tre dagar med snøproduksjon, seier Græsdal.
Han håpar på å starte å produsere snø tidleg i november, så sant det er kulde.

Starta alt i sommar

Arbeidet tok til i midten av august, og mykje har skjedd sidan då.
No er dei ferdig med å støype fundament til skitrekket, og er i sving med å fylle masse og planere traseen. Om nokre veker kjem mastene til det nye skitrekket.