Krev innsyn i løna til alle kommunetilsette

– Eg er på utkik etter kor ærleg kommunane vil svare på kva som er lov å få ut med heimel i offentleglova, seier Nils-Atle-Ruben-Alexander Taraldsen til Sunnmøringen.

Nils-Atle Taraldsen fekk fredag utlevert frå Stranda dei dokumenta han ba om i sitt andre, og meir spesifiserte, innsynskrav. (Foto: Privat, gjengitt med løyve). 

New Articles

Trøndaren, som no bur i Eidsdal i Norddal kommune, fortel at han har sendt e-post til Stranda og alle andre norske kommunar. Han krev innsyn i dei tilsette si løn, kilometergodtgjering, diett, telefongodtgjering, reiseutlegg og administrativ forpleining.

Han understrekar at plikta til å gi ut lønsopplysningar er utan vilkår. Sjølv ved anonyme førespurnader om lønsopplysningar på namngjevne tilsette har forvaltninga plikt til å utlevere lønsopplysningar, understrekar mannen.

Positivt svar frå mange

– Eg har fått stort innsyn i løna i ganske mange kommunar. Dei har ikkje heimel for å nekte å opplyse om bruttoløn, for dette er ikkje underlagt teieplikt. Men mange prøver seg, og nokre har ganske rare svar. Eg klagar avslag om innsyn til fylkesmannen, og vil om nødvendig ta det heilt til sivilombudsmannen, seier Taraldsen.

Han har hemmeleg telefonnummer, og har nekta å uttale seg til dei fleste aviser som har tatt kontakt via e-post. For eit par år sidan sendte han eit liknande krav til Statens innkrevingssentral, og fekk det han spurde etter.

Sjekkar praktisering av offentleglova

Føremålet med innsynskravet er å sjekke korleis kommunar praktiserer offentleglova. Dette blir eit omfattande arbeid også for han som mottakar.

– Men det går bra, eg går på kurs på dagtid og har god tid på kvelden.

Taraldsen seier at dei fleste kommunar har svart positivt, men at Stranda er ein av dei som har avvist kravet og dermed pådreg seg klage til fylkesmannen.

SISTE: Stranda har gitt innsyn

Rådmann Per Ivar Lied i Stranda seier til Sunnmøringen at Stranda alt førre fredag sendte eit førebels svar om at ein skulle vurdere førespurnaden.

– Taraldsen har sendt oss to innsynskrav. Det eine som kom først, hadde ikkje med kva årstal det gjaldt og var heilt uspesifisert. Vi er ikkje i tvil om at ein kan avslå noko slikt, for det skal vere ei konkret sak. Så kom han med eit nytt krav der han spesifiserte at han ville ha tal frå mars 2013, og det har vi levert ut i dag, seier Lied fredag ettermiddag.

Han understrekar at det kjem jamnt inn innsynskrav, og at Stranda behandlar desse etter regelverket. Dei fleste krava blir innfridde.

Fekk nei på det første kravet

På ettermiddagen torsdag sendte rådmannen brev til Taraldsen om det første og uspesifiserte kravet. I brevet står mellom anna: "Med bakgrunn i Offentleglova paragraf 28, andre ledd "innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller i rimeleg utstrekning saker av ein bestemt art", avslår kommunen innsynskravet. Kravet er ikkje konkret avgrensa (ikkje spesifisert tid), og er i sin karakter så omfattande at det vil vere uforholdsmessig arbeidskrevjande å imøtekome kravet i si heilhet", konkluderer rådmann Per Ivar Lied.

Men som nemnt gav kommunen innsyn allereie dagen etter, fordi Taraldsen då hadde spesifisert kravet sitt.

Ifølgje Kommunal Rapport viser ein Justisdepartementet i si lovtolking til at "føresegna kan gje grunnlag for å nekte innsyn også i tilfelle der kravet er så omfattande at arbeidsmengda som ville gått med til å handsame det, er større enn det ein "i rimeleg utstrekning" kan krevje (sjølv om det nok skal mykje til)", skriv departementet.

Taraldsen viser til fylkesmannen i Telemark

Taraldsen refererer til Sunnmøringen ei uttale seniorrådigvar Stein Elseth hos fylkesmannen i Telemark har kome med i denne konkrete saka, fordi fleire kommunar lurer på korleis dei skal handtere innsynskravet.

Elseth skriv at "Opplysninger om brutto lønn er ikke taushetsbelagt informasjon, selv ikke om lønnsopplysningen er knyttet til navn. Den som etterspør slikt innsyn har derfor rett til innsyn i en opplistet oversikt over ansatte med brutto lønn. Det vil ikke være adgang til innsyn i ordinære lønsslipper, da disse i hovedsak vil inneholde detaljerte opplysninger av personlig art og underlagt taushetsplikt. En opplisting over navn og brutto lønn vil derimot være offentlig" (sitat slutt).

Sunnmøringen har mottatt ei førebels liste over kven som har gitt opplysningar og kven som har avslått. Sande kommune og Hareid kommune er to sunnmørskommunar som må rekne med klage til fylkesmannen.


Forsvarer innsynskrav

Offentleg tilsette si løn og godtgjering skal vere open for innsyn, slår Vegard Venli fast. Han er journalist i Kommunal Rapport og har svært god kunnskap om, og erfaring med, praktisering av Offentleglova.