Sunnylven pensjonistlag arrangerte overnattingstur til Finnøy Havstuer i starten på juni. Det hadde meldt seg 41 personar til turen som starta tidleg onsdag 1. juni ved Hægstad Gård. Inger Trans sørga for transporten med sin stødige og dyktige sjåfør Nils Inge Frøysa. På Vatneeidet vart det pause med kaffi og bakst frå Geiranger bakeri.

Etter ferjeturen frå Brattvåg til Haram, kom vi fram til Finnøy på ettermiddag. Her blei det lunsj der vi fekk servert ei fantastisk fiskesuppe. Etter lunsj sjekka vi inn på dei nydelege romma. Vêret var ikkje det beste denne dagen, så det blei lite av utforsking av området Finnøy.

Kokken på Finnøya Havstuer, Lars Helge Hanssen stod for gode måltid. Foto: Privat

Kval, lam og sjokoladefondant

Om kvelden var det klart for middag. Den utflytta Sunnylvingen Lars Helge Hanssen fortalde om staden og om maten vi skulle få servert. Til forrett vart det røykt, salta og marinert kvalkjøt. Deretter fekk vi lammekjøt frå utegåande lam, med potetpure og grønsaker til. Og til slutt fekk vi servert Sjokoladefondant med is og gele til. Under middagen fortalde Hanssen også at Finnøy er kjent for sine akevittar og for lokal ølbrygging.

Pensjonistlaget på veg opp til Ona Fyr. Foto: Privat

Ferjetur til Ona

På torsdagen, etter ein god frukost, blei det avreise med ferje til Ona Fyr. Ved Ona blei ferja liggande ein time så alle fekk tatt seg ein rundtur på øya og sett seg om. Ona er kjent for fyret sitt og mange hadde kunne tenkt seg å sett nærmare på det, men dessverre var det stengt denne helga. Kl 12:00 var det retur med ferja tilbake til Finnøy og deretter vidare heimover. Vi tok ein kort stopp på Digerneset der det vart enda meir mat, før vi køyrde heim via Magerholm og Sykkylven. Kl 17:30 var vi tilbake til Hellesylt.

Det vart ein minnerik tur og alle som var med var strålande nøgde.