– Vi vil gjerne ha besøk av små og store, og kan love kjekke opplevingar under open himmel, seier gruppeleiar Susanne Fauske.

Gruppeleir ei helg på slutten av skuleåret er ein av dei faste postane på årshjulet til Sykkylven speidargruppe. Frå fredag til laurdag samlast storspeidarane i alderen frå fjerde klasse og oppover for å bygge leir; surre, spikke, sage, hogge, reise telt, utekjøkken og alt som elles høyrer med når ein skal gjere det komfortabelt å leve i Guds frie natur. Laurdagsmorgonen kjem alle småspeidarane frå tredje klasse og nedover for å vere med på moroa resten av helga. Og moroa, den består mellom anna av padling og bading, bålbrenning og fri leik mellom blåbærtuer og bjørkeleggar.

Open dag!

Frå laurdag ettermiddag tek speidargruppa imot alle som er nysgjerrige på kva speiding er for noko.

– Vi tilbyr ein spennande dag der du får prøve ulike speidaraktivitetar, så det er berre å møte opp, fortel Susanne Fauske, og understrekar i same slengen at alt naturlegvis er gratis.

Bakgrunnen for invitasjonen er Frivilleg-året 2022, der organisasjonar brukar ein dag til eigenpromotering. Sykkylvsspeidarane har altså valt seg førstkomande laurdag. Susanne Fauske gler seg stort, og seier leiren vert lett å finne for dei som vil ta seg ein tur:

– Når du kjem frå Fjellseter og har passert garden på Nysætra, ligg leiren på nedsida av vegen, ned mot vatnet. Den vil vere godt merka, så du vil ikkje unngå å sjå den, seier gruppeleiaren, som til slutt rettar ei djup takk til grunneigar Bastian Weiberg-Aurdal som med stor velvilje nok ein gong stiller området til disposisjon for speidarane.