Utenriksminister Anniken Huitfeldt (t.v.) vitja Dorohusk i Polen og grensa til Ukraina. Natasza Bogacz er opphaveleg frå Polen og arbeider for Caritas i Oslo, ho har reist til Polen for å hjelpe til på flyktningmottaket i Dorohusk. Foto: Lise Åserud / NTB

Det europeiske prosjektet – og vi andre

Av og til, ein sjeldan gong, får ein kjensla av at tiår med verdshistorie utspelar seg i løpet av berre nokre veker. Hendingane som faldar seg ut framfor augene våre kjem mot oss i eit sjokkerande tempo, akkumulerer og får ei symbolsk og reell sprengkraft som kastar om på vårt syn på verda. Vi opplevde det då muren i Berlin fall. Vi opplevde det då Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Vi opplever det no. Vi lever i eit brennpunkt der europeisk historie tek ei ny retning, kanskje for alltid. Og vi lever midt i denne augneblinken som berre strekker seg og strekker seg, og avslører eit nytt Europa rett framfor augo våre. Det er på tide å løfte blikket. Mot Europa.