I Stranda tettstad har vi Solbakken omsorgssenter. Om lag halvparten av omsorgsplassane ved senteret er i dag i bruk, noko som skuldast både at behovet har gått ned og at bygget ikkje er eigna reint teknisk. Men eg trur vi treng Solbakken til ymse formål innafor omsorgssektoren i framtida, og fram til eventuell ny sjukeheim står klar vil vi ha mangel på lokalitetar der vi kan gje heildøgns omsorg. Solbakken stettar ikkje dagens krav, og både brukarar og tilsette fortener betre. Sjølv om vi i dag har ledig kapasitet ved Sunnylven omsorgssenter, bør vi ha som mål at innbyggjarane får verte gamal i den bygda dei høyrer til.

Nokon treng først og fremst ein tilpassa bustad. For Stranda kommune vil det vere mest tenleg at desse bustadane ligg sentrumsnært slik at heimetenestene effektivt kan bidra ved behov. I Stranda tettstad vil mykje av dette kunne gjennomførast gjennom privat utbygging, men eg meiner også kommunen bør ha slike bustadar tilgjengeleg. For eit best mogleg tilbod, og for ein effektiv ressursbruk, trur eg svaret ligg i fleksible løysingar. Hjelpebehovet må tilpassast brukaren, ikkje kvar du bur.

Solbakken har ei fin plassering, med fine omgjevnader. Den ber sitt namn med rette! Den ligg i same område som sjukeheimen og midt i eit bustadområde. Den er bygd på 70-talet og har eit betongskal som truleg er like bra. Sjølv om kommunens prosjekt ikkje tilrådde restaurering til omsorgsformål, har fleire aktørar i byggebransjen i ettertid hevda det motsette.

I dag er fokuset på miljø betydeleg større enn det var berre for nokre år tilbake. Prisen på byggemateriale har også hatt ei kraftig auke. Då er det ikkje bruk og kast som gjeld! Det burde vere praktisk mogeleg å føreta restaureringsarbeidet samtidig som delar av bygget framleis kan nyttast til dagens formål.

Dimensjonering av framtidige omsorgstenester i Stranda skal etter planen takast opp til politisk behandling i haust, og då meiner eg det må gjerast ein ny vurdering av Solbakken omsorgssenter.