Med to store og ein liten buss og ca. 130 spreke pensjonistar reiste vi på tur til nye Nordøyvegen den 25. mai. Vêret var ikkje det beste då vi starta frå Stranda, men sola titta fram i Sykkylven.

Vi køyrde til Glomset, Valle, Digerneset og Søvik. Vi tok turen over den nye Skodjebrua og for forbi Tennfjord i fykande fart, ned til Grytastranda nord for Ellingsøya. Vi kom til Haram. Her ligg Hamsundhellaren opp til høgre i ei steinrøys. Det er blitt funne restar av våpen og reiskap frå steinalderen. Helleren blei utgravd så tidleg som i 1877. Både bein og ein 2000 år gamal menneskekjeve blei funne. Røvarar budde her.

Vi kom til Søvik som er kjent for skipsbygging og relatert industri. Røkke sitt luksusfartøy for forsking låg ved kai her.

Nordøyvegen. Foto: Privat

Lepsøya: Det er den sørlegaste øya i øygruppa Nordøyane, som ligg mellom Haramsfjorden og Vigrafjorden. Øya fekk fastlandsforbindelse med Lepsøybrua som opna 18. desember 2021. Lepsøybrua er ein del av Nordøyvegen som er venta å stå ferdig i løpet av 2022.

Då vegane var smale for bussane, var vi ikkje innom Lepsøy. Ta ein tur hit. Der er mange fine stiar til Grønnsletta eller vidare opp til på toppen på Goaldet. Det er fint med benkar opp om ein skulle trenge ein pust i bakken. Ein trollskog er og finne her.

Vi kom til Haramsøya via bruer og undersjøiske tunnelar. Vi såg svære vindmøller som sto heilt i ro og Ulla fyr langt ute.

På Arnfinngarden vart i 1968 funne ei grav datert tilbake til eldre jernalder. Ei stor steinhelle vart knust under arbeid. Under denne steinhella vart det funne ei grav der den døde var lagt i ein bjørnefell saman med gravgåver som drikkebeger av glas og spelebrikke av bein. I tillegg blei det funnet eit stort romersk bronsefat og ei stor mengde gull. Gravgodset av gull bestod av ein armring, tre fingerringar og ein medaljong som avbilda keisar Constantinus II (regjerte 337 – 361) og keisar Valens (regjerte 364 – 378). Til saman 622,2 gram gull vart funne og er det største gullfunne frå 300-talet i Nord-Europa. Vi tok kaffipause ved Haramsøy Småbåtlag. Sola titta so vidt fram og vi fekk ei god stond med prat, mat og kaffi. Sjokoladen fekk bein å gå på. Like ved hamna er det campingplass og kafé som søndagane har bufe med veldig god mat. Det blir fint å ta ein søndagstur dit. Vi returnerte via Brattvåg: Brattvåg blei etablert med det føremål å bygge opp ein industristad i 1911. Det budde lite folk her før den tid. Ingebrigt Davik-huset er kulturhuset her og fekk namn etter forfattaren Ingebrigt Davik.

Stopp ved kyrkja på Sjøholt. Foto: Privat

Vi stoppa på Sjøholt: Ved Elvestien tok vi ny kaffipause. Litt tid hadde vi her og nokre damer fann vegen til både bruktbutikken og klebutikkar. Som vanleg vart det servert nydeleg middag på Nilsgardstunet i Stordal: Kjøtkake, sosekjøtt av lam, samt marinert laks. Tilslørte bondepiker, riskrem og fromasjar av alle slag, samt sjokoladepudding til dessert. Ein triveleg tur vart avslutta med ferja frå Gravaneset til Stranda. Bussjåførane fekk klapp og gode ord for fin tur.

Ein fin tur med bra vêr. Vi er glade i slike turar.