I tillegg til innslaga frå scena, vil det også bli servert kaker og kaffi. Det blir også tid for gode samtalar rundt borda. På omlag same tid i fjor vart det arrangert ein liknande konsert, og det vart ei så fin oppleving at bedehuset i år vil prøve å gjenta suksessen.

I slutten av april vart det arrangert ein songettermiddag på bedehuset. Her var det allsong, diktlesing og toradarspel som stod på programmet. Bedehuset i Straumgjerde er ikkje berre eit vanleg bedehus, det er også eit kulturhus i lokalsamfunnet. Song og musikk er viktige element i alle tilstellingar. Viktig er det også at her skal alle kunne kjenne seg velkomne.

Ein av aktørane komande fredag, er Jon Reidar Kurseth. Jon Reidar og bandet har hatt fleire vellukka konsertar her i bygda, og dei har ofte samla eit stort publikum. Jon Reidar vil synge fleire av dei kjende og kjære bedehussongane akkompagnert av eit band med Halstein Kurseth på gitar, Sveinung Utgård på bass og Arild Kvenseth på steelgitar. Desse karane har også fleire «country and western-klassikarar» på repertoaret, og nokre av desse vil vi også få høyre denne kvelden. Arild Kvenseth på steelgitar sørger for den rette «country-sounden».

Halstein Kurseth er ein dyktig gitarist og visesongar, han vil synge både saman med Jon Reidar og åleine. Sveinung Utgård er involvert i fleire grupper i musikklivet her i bygda og andre stadar, m. a. er han bassist i «Blue Horn Jazzband». Her er også Halstein Kurseth og Arnfinn Grebstad medlemmar.

Bente Bjørnestad Myrseth, Gunnlaug Bjerkvik Tandstad og Eldbjørg Ebbesvik er vokalistar i TRIO med band. Foto: Privat

Desse tre karane samt Rose Iren Stave på piano og ein gitarist utgjer kompet til TRIO med band. Songarane Bente Bjørnestad Myrseth, Eldbjørg Ebbesvik og Gunnlaug Bjerkvik Tandstad er vokalistar i denne gruppa. Dei fleste songane dei har på repertoaret er i «gospel- og countrysjangeren», men vi får også høyre norske og svenske songar denne fredagskvelden.

Vi er ekstra glade for at Helge Standal blir med oss på bedehuset på denne konserten. Helge er flink til å formidle den kristne bodskapen på ein slik måte at han når fram til tilhøyrarane. Han har også ein god intellektuell ballast og kan presentere tankar og synsvinklar på trusspørsmål frå fleire hald. Slik viser han fram kjerna i kristentrua på ein måte som appellerer både til det rasjonelle og det kjenslemessige.

Vi håper at denne sommarkonserten skal bli ei fin oppleving for publikum, både med god song og musikk og gode kaker. Vi tek ikkje inngangspengar, men vi håper at publikum vil gi ei gåve til bedehuset på Vipps eller kontant. Fredag 24. juni blir det altså «Sommarkveld på bedehuset».