Stranda Rotary har dei siste åra fått gjennomført mange prosjekt til glede og nytte for strandasamfunnet, vi kan her nemne belysning av Stranda kyrkje, elektriske syklar til omsorgssenteret og Fløten park som vart gjort på dugnad av medlemane før Stranda kommune tok over. Siste prosjekt klubben har gjennomført er gapahuk ved den gamle hoppbakken i Hevsdalen. Klubben tok kontakt med lokal tusenkunstnar Lars Petter Knivsflå som tok på seg å teikne og dimensjonere gapahuken slik at den skal tole dei store snømengdene som kan vere i Hevsdalen år om anna. Vår eigen Reidar Furset tok sjølvsagt på seg oppgåva som formann i dugnadskomiteen, og begge vart heidra for innsatsen under opninga.

Folkehelsekoordinator Margrethe Fjetland Løvold tok på vegner av Stranda kommune i mot gapahuken og takka for innsatsen for både trivsel og folkehelse, og kunne røpe at gapahuken no var komen inn som turmål for ein av dei mange Stikk Ut turane i området.

Reidar Furset (i midten) vart heidra på møtet for sitt arbeid i dugnadskomiteen. Foto: Einar Arve Nordang

Paul Harris Fellow til Reidar Furset

Den høgaste merksemd ein kan gi innanfor Rotary-systemet er Paul Harris Fellow. Klubben har nominert og gitt merksemda til ein del personar, både i og utanfor klubben for deira innsats for samfunnet. Denne kvelden kunne vi gi merksemda til ein som har gjort seg ekstra fortent til det. Reidar Furset har vore leiar i dugnadskomiteen dei siste åra og takka vere han har vi fått fullført prosjekta våre innanfor både budsjett og tidsramme. Han vart også takka av Linda Flem frå DNT Ålesund, som fortalde at Reidar kom med i hyttekomiteen på Patchelhytta alt i 1976. At Rotaryklubben kan få vere med å heidre ein mann som har gitt så mykje av si tid til nytte for andre, er både rett og godt.

Av- og påtroppande president i Stranda Rotary. Arne Vassbotn (t.v.) og Svein Lunde (t.h.). Foto: Einar Arve Nordang

Presidentskifte

Rotaryåret varer frå 1. juli til og med 30. juni. Som namnet antydar så roterer vi på posisjonane. Derfor var det også på tide med eit nytt presidentskifte. Avtroppande president Arne Vassbotn, kom med eit fyldig tilbakeblikk på kva som har skjedd i si presidentperiode og ønskte innkommande president Svein Lunde til lukke med sitt presidentår som startar 1. juli.

Folkehelsekoordinator i Stranda kommune Margrethe Fjetland Løvold takka for innsatsen og gapahuken, som vil betre både trivsel og folkehelse på Stranda. Foto: Einar Arve Nordang