Stranda har ei usedvanlig rik industrihistorie. Det som slår ein når ein tek ein runde i den nye utstillinga «Strandaindustriens historie» i PI-bygget i Stranda sentrum, er variasjonen i næringsaktiviteten som har vore i kommunen. Stranda er kjend som pionerkommunen innan møbelproduksjonen, men her har vore så mykje meir. For nokre tiår sidan skreiv ein journalist dette etter ei vitjing på Stranda: «Det er forøvrig en utrolig mangesidig virksomhet hos de ca 2400 innbyggerne i Stranda. Det lages patenterte årer med tolleganger, Oppstadvevstoler og billedvev, spinnerokker, lærvarer, elektriske varmtvannsbeholdere, sykler, bunader, håndvesker, hæljern og fjærer, lyskroner, skotøy, skjorter, vognhjul, saft, trykksaker fra eget trykkeri, hesteseler, spill og barneleiker, ljåer, kniver og dreijern. Nu, dette var bare en del av tingene. Jo, her er det liv og virksomhet.»

Dette står på ein av dei informative tekstplansjane som gjev bakgrunn og forklaring til dei utstilte objekta. 100 lokale industribedrifter vert presenterte, av desse er ca 30 møbelbedrifter.

Initiativtakarane Reidar Lunde og Helge Søvik i samtale med programleiar Sigurd Drege under opningsfesten på kulturhuset. Foto: Privat

Menneska bak

Ein skal leite langt i geografien for å finne ein tilsvarande brei presentasjon av lokalt næringsliv. Og nettopp breidde er etter mitt syn styrken til denne presentasjonen. I andre utstillingar får ein gjerne presentert eit smalt utval, kanskje dei mest kjende eller dei mest suksessrike produkta. Her får vi sjå kva som vart laga i både små verkstader og i større fabrikkar. Gjennom tekstar, bilete og film får vi møte menneska bak produkta: Dei som hadde ideane, dei som snikra, sydde og sveisa, dei som heldt styr på sal og ordrar og dei som fekk varene ut til kundane. Det er eit stort pluss at dei fleste tekstane er omsette til engelsk og tysk. Torill Slettvoll har hatt ei god hand om utstillings-oppsettet.

Frå teiknebrettet til frakteskuta

Industriutstillinga er realisert gjennom eit fellesløft, og ein sunn porsjon patriotisme. Men ho hadde neppe blitt realisert utan initiativet, pågangsmotet og gjennomføringskrafta til dei to eldsjelene, Reidar Lunde og Helge Søvik. Gjennom mange år har dei arbeidd fram mot opninga, samla gjenstandar, informasjonar og ikkje minst pengar for å få prosjektet i hamn. Dei har hatt gode kjelder å ause av, både gjennom Asbjørn Gjærde si industrisoge frå 1990 og andre lokalhistoriske bøker som Stranda etter kvart har vorte rik på.

Prikken over i-en under festprogrammet på kulturhuset etter opninga var visinga av filmen som vart teken opp på P.I. Langlo-fabrikken i 1954 og som ein av etterkomarane til Ingvald Langlo, Gunnar Grut, har digitalisert og redigert. Her fekk vi sjå situasjonar frå ei tid då møbelindustrien var i ei brytningstid mellom handverk og industri. Her var både surring av spiralfjørsete med hampetau og stifting av nosagfjører, her var treskjæring og maskinell rundfresing. Vi fekk følgje møblane heilt frå teiknebrettet til dei vart pakka i gråpapir og heiste opp i frakteskutene.

Jan Lade helsa frå Møbelmuseet og Venneforeininga til museet og takka initiativtakarane for ei flott utstilling. Foto: Privat

Felles innsats

Brytningstider har det også vore i strandaindustrien, noko ordførar Jan Ove Tryggestad var inne på i helsingstalen sin under opningsfesten på kulturhuset. Han kom inn i politikken i 1987/88. Då hadde kommunen nettopp mista fleire store møbelbedrifter og konfeksjonsindustrien var ikkje lenger det han hadde vore. Men det kom fram nye bedrifter innan matvare, reiseliv, service og anleggsverksemd. – Historia har vist at vi kan kome oss gjennom vanskelege tider ved felles innsats. Det ligg i Stranda-kulturen at vi finn vegar som fører oss vidare, sa ordføraren. Og nemnde eldsjelene bak industriutstillinga som døme på denne gjennomføringskrafta og innsatsviljen.

Vi som driv i tilsvarande bransje, i Møbelmuseet i Sykkylven, er glade for dette rike tilskotet til lokal historieformidling. For å kunne orientere seg mot framtida er det ein styrke å kjenne fortida. Vi håper at eldsjelene bak denne nye attraksjonen på Stranda finn eit stabilt driftsgrunnlag slik at flest mogeleg kan få kome og bli inspirerte av sunnmørsk skaparkraft.