Det var fullt hus og god stemning på sommarkonserten på Straumgjerde bedehus sist fredag. Det var andre året på rad med ein slik konsert, og Gunnlaug Bjerkvik Tandstad, leiaren for bedehuset, opna med å seie at “Sommarkveld på bedehuset” nesten har blitt ein tradisjon. Ho var også glad for det svært gode oppmøtet.

Jon Reidar Kurseth med band. Foto: Privat
Det vart fullt hus. Foto: Privat

I år som i fjor var det Jon Reidar Kurseth med band og TRIO med band som stod for dei musikalske innslaga. Jon Reidar Kurseth hadde med seg Halstein Kurseth, Sveinung Utgård og Arild Kvenseth. Denne gongen hadde dei for det meste amerikanske gospelsongar og salmar på repertoaret. Dei fine songane vart akkompagnerte av Halstein sin gitar, Sveinung Utgård sitt presise bass-spel og ikkje minst Arild Kvenseth sitt flotte spel på steelgitar. Songane vart presenterte på ein ledig og lødig måte, noko som var med på skape god stemning blant publikum. Både Jon Reidar og Halstein song solo, og i tillegg fekk vi høyre fleire duettar med vakker samklang. Dei hadde ein fin versjon av “I den stille klare morgen” på amerikansk. Både den og dei andre songane fall godt i smak hos publikum.

Helge Standal valde å ta utgangspunkt i songen “Steal away” i si tale. Han snakka om undertrykkinga av dei amerikanske slavane, og korleis denne songen gav dei håp og styrke i kampen for eit betre tilvære. Vidare snakka han om “avgudane” vi har i dag og kva som eigentleg er viktig i liva våre. Press utanfrå om å bli vakre, gjere karriere, skaffe oss rikdom kan få oss til å gløyme korleis vi er mot andre. Til slutt vende han tilbake til teksten i “Steal away” og draumen om fridom for slavane.

Helge Standal tala på bedehuset. Foto: Privat

TRIO med band hadde ei fin blanding av norske, svenske og amerikanske songar på repertoaret. Hovudsolisten i gruppa er Bente Bjørnestad Myrseth. Avslutningssongen “All my hope” vart kanskje eit høgdepunkt både for publikum og Bente. Også Eldbjørg og Gunnlaug hadde sine soloinnslag. Eldbjørg i songen “Han kviskrar ditt namn”, og Gunnlaug i “Eg har ein engel med meg på vegen” av Johannes Kleppevik.

Bandet med Sveinung Utgård på bass, Halstein Kurseth på trommer, Rose Iren Stave på piano og synth, N. D. Tandstad på gitar og Arnfinn Grebstad på altsaksofon og fløyte, gjorde ein god jobb.

Etter konserten vart det servert kaffi og gode kaker, og publikum fekk god tid til både kaffidrikking og gode samtalar. Dette vart ein vellukka konsertkveld, dei to songgruppene og den flinke talaren gjorde at publikum fekk både god musikk og gode ord å ta med seg ut i sommarkvelden. Når også så mange møtte fram på denne konserten, var også arrangørene svært nøgde med kvelden.