Cruise kjem tilbake for ny filminnspeling

I fjor sette Tom Cruise Hellesylt og Rauma på hovudet under innspelinga av «Mission Impossible 7». No ser det ut som han kjem tilbake til Norge for oppfølgjaren.

Tilbake: Tom Cruise kjem tilbake til Norge for innspeling av den åttande filmen i «Mission Impossible»-serien. Kor innspelinga vil gå føre seg denne gongen er førebels uvisst. Her er Cruise på godsterminalen på Åndalsnes i Rauma.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

Onsdag melder fleire medium, mellom anna TV 2 og VG, at Tom Cruise og «Mission Impossible» vil kome attende til Norge for innspeling av den åttande filmen i serien. Begge refererer til ei pressemelding frå Norsk filminstitutt der «Mission Impossible 8», med arbeidstittelen «Scorpio» har fått løyvd inntil 68 millionar kroner gjennom filminsentivordninga, der filmproduksjonar som kjem til landet kan få delar av summane dei legg att på stadene dei filmar refundert frå Staten.