Sunnmørske tonar ut til verda

Det var ingenting å seie på stemninga då det blei arrangert minifestival på Storfjord kulturhus i helga.

Sykkylven og Stranda: Både leiaren av Storfjord kulturhus og leiaren av Sykkylven kulturhus speler i Dylan-bandet Hurricane. Frå venstre: Stefan Olsen, Sigurd Drege, Geir Olav Drege, Peder Lundanes og Halstein Kurset  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

Våren er her, i alle fall på kalenderen sjølv om vintertemperaturane framleis bit seg fast, og det går mot lysare tider. Det var òg dette som var tema under minifestivalen «Mot lysare tider» som blei arrangert på Storfjord kulturhus på Stranda i helga. Først fredag kveld med bluestonar frå Magnus Antonssen Bluesband, medan det laurdag kveld var duka for to timar med variert musikk av artistar frå Sunnmøre. Det heile blei strøyma på nettet, mellom anna i USA, Russland, Australia, Bulgaria og fleire andre land.