Marit Akslen med tekstilkunst

Stiller ut på Hovedøya i Oslo

Marit Akslen frå Sykkylven er mellom kunstnarane som stiller ut i Hovedøya Kunstsal i Oslo.

Utstilling: Marit Akslen stiller ut i Hovedøya Kunstsal i Oslo.  Foto: Privat

Kultur

Tolv kunstnarar frå Møre og Romsdal stiller ut verk som er inspirert av naturen rundt seg i utstillinga «Årstider – der jeg er» frå 22. mai til 27. juni. Utstillinga i Hovedøya Kunstsal har fått 700.000 kroner i støtte frå fylkeskommunen.