Vakre vårtonar

Underheldt dei eldre med vårkonsert

Sjølv med pandemi blei det likevel vårkonsert for dei eldre på Buas i Sykkylven.

Konsert: Fredag kveld arrangerte Credo Brass vårkonsert for bebuarane på Buas i Sykkylven.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

Med sommarsol frå skyfri himmel kunne ramma knappast vore betre. Fredag kveld arrangerte Credo Brass vårkonsert for bebuarane på Buas i Sykkylven. Det var heller ikkje nok med berre ein konsert, då dei spelte to gonger, først på sørsida mot Sykkylvsbrua, og så på nordsida ved hovudinngangen.