Har søkt om midlar til fotoprosjekt

Den italiensk-danske kunstfotografen Luca Berti har søkt om stønad til eit fotoprosjekt på Sunnmøre.

Kunstfotograf: Luca Berti er fødd i Firenze i Italia, men bur i København. Han har søkt om stønad til eit fotoprosjekt på Sunnmøre i samarbeid med Musea på Sunnmøre.  Foto: Privat

Kultur

Dette kjem fram i eit brev fotografen har sendt til Stranda kommune, datert 19. mai. Her fortel kunstfotografen at han spesialiserer seg på etnografi og antropologi, og jobbar med eit utstillingsprosjekt på Sunnmøre saman med Musea på Sunnmøre.