Fekk endeleg samle publikum til konsert

Mange tok turen i finvêret for å få med seg konsert med Sykkylven Janitsjarorkester med gjestar tysdag kveld.

Konsert: Det var fleire som tok turen då Sykkylven Janitsjarorkester endeleg fekk arrangere konsert i Sykkylven kyrkje.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

Lik dei fleste andre kulturaktørar har det vore lite konsertaktivitetar for Sykkylven Janitsjarorkester det siste året. No er heldigvis smittesituasjonen slik at det går an å arrangere konsert innandørs, og ved hjelp frå sponsor Sparebanken Møre inviterte orkesteret, som feirar 100-årsjubileum i år, til sommarkonsert i Sykkylven kyrkje. Sjølv med sommarsola lysande frå blå himmel utandørs, var det fleire som hadde teke turen denne tysdagskvelden.