Strengetonar fulle av hjartevarme

Det blei ei magisk stund saman med Stig Ulv i Stranda kyrkje torsdag kveld.

Vakkert: Stig Ulv serverte musikk frå øvste hylle under konserten i Stranda kyrkje torsdag kveld.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

Torsdag kveld inviterte Stranda kyrkje til konsert med Stig Ulvestad, eller Stig Ulv som han kallar seg som artist. Han kjem frå Hovdebygda i Ørsta, og driv med det han kallar instrumentalmusikk på nynorsk. Musikk utan songtekstar, men tittel på nynorsk.