Då Nasjonalmuseet kom til Sykkylven

Mange tok turen for å sjå sunnmørske møbelklassikarar då Nasjonalmuseet besøkte Sykkylven søndag.

Opning: Fagansvarleg Thomas Flor frå Nasjonalmuseet opna det heile. Her saman med Mei Szetu frå Nasjonalmuseet og designar Svein Asbjørnsen.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

I desse dagar er Nasjonalmuseet godt i gang med bygging av eit nytt museumslokale i Oslo. Dette, og den pågåande koronapandemien gjer at dei ikkje kan ha besøkande i Oslo, så i år har dei lagt ut på noregsturne. Under turneen «Norge Rundt med Nasjonalmuseet», vil museet besøke kvart fylke i landet der dei vil ha ei utstilling som har ei lokal tilknyting til staden dei besøker. Dette kan vere til dømes eit måleri eller ein skulptur frå ein berømt kunstnar på staden.