Vil skape ein møteplass av og for ungdom

Her er planane for Høbben

– Dei unge både treng og ønskjer ein tilrettelagt plass dei kan treffast, seier Nicolai Karlsen hos Sykkylven Idrottslag.

Eldsjeler: Nicolai Karlsen, Fredrik Hole Ulla, Vegard Eidem, Sondre Kaland, Marius Lillevik Kornberg og Ole Kristian Vik Skogen hos Sykkylven IL vil skape ein møteplass for ungdommar i Sykkylven.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

Nyss har tidlegare skrive om Høbben, eit nytt ungdomstilbod i Sykkylven som skal startast opp frå hausten. Tilbodet er det Sykkylven Idrottslag og deira e-sportgruppe, som står bak, og dei vil mellom anna nytte lokala til satsinga si på e-sport og ungdomsaktivitetar. Satsinga har blitt teke godt imot, og politikarar og andre har vore positive til prosjektet. Mellom anna vil kommunen sjå på om dei kan løyve midlar til drift av lokala gjennom budsjettet for 2022, og dei har fått 500.000 kroner av Gjensidigestiftelsen til prosjektet, samt 50 000 kr frå kommunen frå september og ut året.