Sikrar eit stykke sunnmørsk industrihistorie

Sikringa av dokumentasjon frå Blindheim Cementstensfabrik i Sykkylven er i gang.

Dokumentasjon: Registreringsarbeidet etter Blindheim Cementstensfabrik er i gang. Den første opninga av kassene viser protokollar, rekneskapsbøker, dokumentasjon av tilsette og mykje anna. Frå venstre Trine Naadland, Henrik Schmidt og Odd Holen.  Foto: Lars Longva

Kultur

I vår fekk Fortidsminneforeininga på Sunnmøre 50.000 kroner til å dokumentere og sikre restane etter den gamle Blindheim Cementstensfabrik i Sykkylven. Denne fabrikken sto mellom anna for bygging av dei særeigne Schmidt-husa på tidleg 1900-tal.