– Frå slåttemarka i Knutgarden til kabaret og jazz

Hilde Louise Asbjørnsen har eit nært forhold til heimbygda. Det var trass alt der det starta.

Hilde Louise Asbjørnsen på operataket. Under Oslo jazzfestival song ho på hovudscena for ein fullsett sal.  Foto: Bent Tandstad (NPK)

Kultur

Hilde Louise kjem til det avtalte intervjuet på ein raud damesykkel frå 1990-talet, kledd i ein blomstrete sommarkjole. Det blonde håret blafrar lett i sommarbrisen, og ho møter oss med eit knallraudt smil. Dei raude leppene har vorte ein signatur for den allsidige artisten frå møbelbygda Sykkylven.