Bernhoft vitja Øvre Ljøen:

– Ein nydeleg kveld og eit fantastisk bra publikum

Mange trassa regnet laurdag den 14. og det var nesten kamp om plassane då Bernhoft skulle vitje konsertarenaen på Øvre Ljøen.

Dynamisk: Bernhoft hadde eit dynamisk repertoar og hadde god kontakt med publikum.  Foto: Solveig Årdal

Kultur

Då Nyss kom til Øvre Ljøen denne kvelden låg tåka tungt over konsertarenaen. Likevel var det mange som hadde møtt opp og var klar med regnklede, sitjeunderlag og teppe. Under amfiet var det nesten kamp om plassane og etter at første artisten Kristian Haug var kome på scena var det framleis publikummarar som strøymde på. Køen til baren var lang og det var god stemning blant publikummarane som hadde trassa regnvêret.