Steely Dan inntek snart Sykkylven kulturhus

Det er berre to små veker att til dei to showkveldane med Steely Dan-musikk på Sykkylven kulturhus. Prosjektbandet Home At Last øver så sveitten silar, og arrangørane i Roger Waters-klubben jobbar med rekvisittar og andre effektar som må til for å gjere storsalen i det trauste kulturhuset om til ein klubb på Manhattan. Enno er der nokre ledige billettar til fredagen.

Blåserekke: Ei fyldig blåsarrekke er eit must når Steely Dan-universet skal gjenskapast på Sykkylven kulturhus.   Foto: Tommy Rasmussen

Kultur

Etter eit møte i styringsgruppa for prosjektet tysdag kan Hallstein Lillevik i Roger Waters-klubben rapportere at førebuingane er i rute.