No må du vente enno lenger for å sjå Tom Cruise hoppe frå Helsetkopen på kino

«Mission Impossible 7» skulle opphaveleg ha premiere no i haust. No har premieren blitt flytta enno ein gong.

Hollywood: Tom Cruise sette Sunnmøre og Romsdal på hovudet då han var her for å spele inn scener til den neste filmen i «Mission Impossible»-serien i fjor. No er premieren på filmen utsett enno ein gong. Her er han på godsterminalen på Åndalsnes.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

For eitt år sidan på denne tida sette Tom Cruise Sunnmøre og Romsdalen på hovudet då han var her for å spele inn scener til storfilmen «Mission Impossible 7». Eigentleg skulle filmen ha premiere i slutten av november i år, for så å bli flytta til mai 2022, men no har filmselskapet Paramount bestemt seg for å flytte premieren enno ein gong.