Gratiskonsert med ein av dei beste:

Panfløytemusikk fyller kyrkja

Den kjende panfløyteartisten Roar Engelberg kjem til Stranda og Liabygda kyrkje i september.

Kjem til Stranda og Liabygda: Roar Engelberg med panfløytemusikk.  Foto: Privat

Kultur

Grunna eit samarbeid med Den Kulturelle Spaserstokk og Frivilligsentralen i Stranda kommune vert det no høve til å høyre vakker planfløytemusikk i Stranda. Fredag 17. september kjem panfløyteartisten Roar Engelberg til Liabygda kyrkje, før han vil opptre i Stranda kyrkje på laurdag 18. september.