Sykkylven Janitsjarorkester leverte

Innhaldsrik familiekonsert

Både skogtrollet og sjølvaste Dovregubben dukka opp då Sykkylven Janitsjarorkester inviterte til familiekonsert i Sykkylven kulturhus laurdag ettermiddag.

Familiekonsert: Sykkylven Janitsjarorkester inviterte til ein spennande og innhaldsrik konsert i Sykkylven kulturhus laurdag.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Kultur

Konserten var ein del av korpset sitt 100-årsjubileum, og med seg hadde dei fått skodespelar Karoline Isaksen frå Ålesund, som tok oss med 100 år tilbake i tid gjennom historier, musikk og bilete på storskjerm.