Musikalsk framsyning frå Ingebrikt Davik sitt univers

«Hit eit steg»

Denne veka får ein høve til å sjå familieframsyninga «Hit eit steg» i Stranda og Sykkylven.

På skuleveg: I framsyning «Hit eit steg» får ein møte Kaia som er på veg til første skuledag.   Foto: Thomas B. Brandt

Kultur

Det er Teatret Vårt som har sett opp framsyninga som er sydd saman av utvalde tekstar og viser frå diktaren, formidlaren og visesongaren Ingebrikt Davik.

I «Hit eit steg» får ein møte Kaia som er på veg til første skuledag. Framsyninga er fengjande og morosam for både barn og vaksne, og Kaia sin underlege skuleveg er til dei som både gler og gruar seg. Til dei som snart skal begynne på skulen, dei som nettopp har tatt sine første skulesteg og til dei som minnest deira første skuledag som om den var i går.

Ingebrikt Davik kom frå den vesla øya Fjørtofta på Sunnmøre, og var ein av dei første nynorske formidlarane til barn og unge i NRK. Han var godt kjend frå Barnetimen for dei minste på radio og frå ulike program i Barne-TV.

Framsyninga «Hit eit steg» er utvikla av Lina Taule Fjørtoft i samarbeid med regissør Ingrid Askvik og musikar Toivo Fjose, og er basert på Davik sitt fargerike univers. Framsyninga er sett opp i Sykkylven kulturhus torsdag 7. oktober og i Storfjord kulturhus på Stranda fredag 8. oktober.