Ole-Bjørn spelar seg inn på Spotify-listene

Ole-Bjørn Talstad frå Ikornnes er busatt i Asker og arbeider som musiker, pianist, samt pianolærar i kulturskulen i Bærum. Han har dreve med musikk heile livet og har nyleg gjort eit meir populært namn av seg.

Musikar: Ole-Bjørn Talstad frå Ikornnes har hatt kjærleik for musikk sidan han var liten. No synest han det er fantastisk kjekt at folk verda over høyrer på pianolåtene hans.  Foto: Trine Rasch-Willumsen

Kultur

Det er vanskeleg å leve av musikk, og ikkje minst berre det å få folk til å høyre på verka dine. Ole-Bjørn fekk oppleve sistnemnde då streamingtala for pianomusikken hans skaut i vêret i fjor. Plutseleg var det folk over heile verda som høyrde på tonane til sykkylvingen.