Geiranger representert i ny bok om farlege vegstrekkjer

Vegane i Geiranger er trekt fram i den nye boka av journalist, forfattar og musikar Halvor Folgerø. Boka er illustrert med gamle og nye bilete av nokre av Noregs mest spektakulære, men farlege, vegstrekkjer.

Hest og kjerre: Fleire på tur på Merokveien. Bilete tilhøyrer Nasjonalbiblioteket.  Foto: Anders Beer Wilse

Kultur

Det er ikkje ukjent at enkelte vegar i Geiranger er krevjande å ferdast på, men det er mellom anna desse som gjer bygda til det den er i dag.