Musikalsk samarbeid frå øvste hylle

Samarbeidet mellom Sykkylven storband og Velledalskoret kan ikkje beskrivast som anna enn ein suksess.

Saman: Sykkylven storband og Velledalskoret hadde konsert i lag på Sykkylven kulturhus laurdag kveld.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

«As time goes by» var namnet på laurdagens konsert med Sykkylven storband og Velledalskoret. På norsk tyder det «mens tida går forbi», og det er eit namn som har passa godt for dette prosjektet skal vi tru dirigent Åge Frøystad i storbandet. Det er noko som både band og kor har hatt på tapetet i lengre tid, men grunna ein verdsomspennande pandemi har det ikkje vore like enkelt.