Sprek hundreåring inviterer til jubileumskonsert

Sykkylven Janitsjarorkester fyller 100 år, og dette blir markert med ein jubileumskonsert i Sykkylven kulturhus førstkomande søndag.

Sykkylven Janitsjarorkester 2021: Første rekke t.v.: Femke Spoelstra, Hilde Bratli, Anne Rita Frøystad, Gro A. Hatlemark, Jan Petter Frostad, Nina E. Nyborg Skotheim, Bente Brunstad, Emilie Harstad og Torunn Grebstad. Andre rekke t.v.: Helene Velle Ødegård, Iris Røw, Gunhild Mortensen, Ingrid Hatlemark, Marit Bratli, Tora Overvoll, Ane Victoria Gjævenes, Mari Talberg Longva, Guro Øvstedal Liaskar, Ingrid Øvstedal Vik og Torill Øvstedal. Tredje rekke t.v.: Skjold Lyshol, Oline Strømmegjerde, Liv Marie Lillevik, Magnus Mortensen, Ivar Flo, Knut Jarle Vik, Kjell Stave, Halstein Kurseth og Even Riksheim. Fjerde rekke t.v.: Odd Martin Riksheim, Benjamin Rekdal, Jan Strømmegjerde, Bjørn Lade, Eirik Lade, Per Vemøy, Kjetil Hole, Hans-Ingar Aandahl, Torbjørn Aasen og Terje Riksheim.  Foto: Fotograf P.P. Lyshol

Kultur

– 2021 er eit jubelår for korpslivet i Sykkylven. Det er no 100 år sidan engasjerte ungdomar i bygda vår starta opp med korpsaktivitet. Vi som er aktive i dag ønskjer sjølvsagt at dette skal feirast, seier Marit Bratli, leiar i Sykkylven Janitsjarorkester. Ho legg til koronapandemien og restriksjonane kring smittevern har gjort det utfordrande å planleggje og gjennomføre arrangement den siste tida.