Gler seg til å kome heim

Neste helg står Hilde Louise Asbjørnsen klar med lun førjulsjazz i stuene i Berlihuset.

Førjulsjazz: Hilde Louise Asbjørnsen kjem til Berlihuset neste helg.   Foto: Anna Julia Granberg/Blunderbuss

Kultur

Etter å ha spelt for fulle hus i ein månad på Christiania Teater med soloframsyninga «Stardust», ser Hilde Louise Asbjørnsen fram til å endeleg kunne spele for det sykkylvske publikum igjen. Saman med pianist Anders Aarum lovar ho å servere julestemning både fredag kveld og under lunsjkonserten laurdag.