Jubileum: – Vi ser alle at dette er ein ungdommeleg hundreåring

Søndag 21. november var det jubileumskonsert med Sykkylven Janitsjarorkester som var «heilt i hundre». Publikum fekk vere med på ei reise gjennom korps-historia i kommunen frå 1921 og fram til i dag, der dei klappa og plystra seg gjennom heile konserten.

Hundreåringen: Desse er dei aktive musikantane i Sykkylven Janitsjarorkester som tok del i jubleumskonserten denne søndagen.  Foto: Amanda Røed Stave

Kultur

Det er ikkje alle som kan skryte på seg 100 år med aktiv og samanhengande drift, til og med gjennom krigsåra på 40-talet. Det heile starta med unge spirer som snakka om at dei hadde lyst å starte korps, men ikkje hadde dei instrument eller pengar, og ingen av dei kunne å spele heller. Likevel blei det slik at dei i 1921 fekk lånt seg både pengar og instrument, og med stort pågangsmot var dei i gang.