Triveleg stemning på førjulsmesse - sjå bileta her

Det var mange som møtte opp på koseleg førjulsmesse i Velledalen i helga.

Mykje liv: Det var noko å finne for alle på julemessa.   Foto: Amanda Røed Stave

Kultur

Søndag 21. november var det duka for dag nummer to med førjulsmesse i grendehuset i Velledalen. Då Nyss var innom for å snakke med nokre av utstillarane var det godt oppmøte, både av store og små. Ein kunne finne alt frå spekemat til skinnvottar på dei ulike borda. Der var dermed mange alternativ for dei som var på leit etter julegåver, noko godt til kvelden eller kanskje noko fint til seg sjølv.